På Floke Ulvik i Tysseviksvegen 28 driv me med helse og miljøvennlege produkt. Me er sertifisert av Grønn salong. Det er den mest seriøse og anerkjende allergi og miljømerkinga innan hårprodukt og salongverksemd i Skandinavia.
Floke ynskjer å gje deg ei oppleving av kvalitet, velvære og ro. Du vil kjenne skilnaden med våre behandlingar og produkt. Håret vert sunnare og blankare enn du nokon gong har opplevd. Staben vår er godt kursa og utvikla, både på trendar og kva det inneberer å arbeide i ein grøn salong.
Er du kvalitetsmedviten, og samstundes oppteken av miljøet og helsa di, er Floke staden for deg.
Med gåvekortet vårt kan du gje bort herlege behandlingar til dei du er glad i. Du vel beløpet, dei vel behandlinga.
Hjå oss kan du kjøpa gåvekort både på heimesida og i salongen.
«Digitale gåvekort» på heimesida og i Fixit-appen er raskt og enkelt å kjøpa. Vel beløp og betal på nett, lag ei personleg helsing og send gåvekortet rett til mobilen til mottakaren. Mottakaren kan bruka gåvekortet til å kjøpa behandlingar og produkt hjå oss. Gåvekortet kan sjølvsagt brukast til å betala heile eller deler av behandlingar eller produkt, slik at du kan vera trygg på at gåvekortet du gir vert sett pris på uansett."