Floke vann Miljøvernpris 2019!

Miljø og kulturutvalget vedtok 5 desember at Floke Frisør skulle få Miljøvernprisen for 2019.Prisen vart delt ut av leiaren i utvalet Vidar Skeie under ei samkome på tinghuset torsdag kveld.

Miljøvernprisen for 2019 er den 29 som vert delt ut i Voss kommune. Fyrste året den vart utdelt var i 1989.

I statuttane for miljøvernprisen står det at ; prisen skal vera til heider og stimulans for einskildpersonar, lag eller bedrifter som har utmerka seg innan miljøvernarbeid i kommunen.

Prisvinnaren i år har fokus på helse- og miljøarbeid i si bedrift - til glede både for tilsette og kundar.

?Det starta i med frisørsalong i Skulegata i 2008. Irene Stana tok straks tak i arbeidet med å utvikla salongen i ei berekraftig retning, både med tanke på helse og miljø.
Floke vart som ei av dei aller første bedtriftene på Voss sertifisert som Miljøfyrtårn i 2009, og er seinare resertifisert fleire gonger, seinast i 2018 . I konsulentrapporten frå den fyrste sertifiseringa i 2009 heiter det ; « dagleg leiar er brennande engasjert i alle sider av miljøarbeidet «.
Under arbeidet med å bli miljøfyrtårnsertifisert måtte bedrifta gjera eit systematisk miljøarbeid på fleire område som; innkjøp, avfallsortering, energibruk, transport m.m. Eit lite eksempel på miljøprofilen i bedrifta er t.d. at når kundane kjem inn får dei tilbod om økologisk kaffi i kopp og ikkje eingongsbeger.
Som første og einaste frisørsalong på Vestlandet vart Floke sertifisert av Grønn Salong i juni 2017. Det er ei kvalitetssikring av salongen som fortel at Floke Grønn Frisør tek miljøet på alvor.
Grøn salong er ei Nordisk Miljømerking for frisør og hudpleiesalongar. Grøn Salong sitt mål er at alle skadelege stoff i frisørfaget skal vekk. Grøn Salong starta i 2006 i København og har sidan breidd seg over heile Danmark og til Noreg, Sverige, Island og Færøyene. Der er i dag godt over 60 Grøne Salongar i Skandinavia.
Etter starten på Voss i 2008 har Irene utvikla iden om ein miljøvenleg frisørkjede og frå 2012 har ho bygt opp 10 nye salongar rundt om i landet. Alle er no sertifisert som Grønn salong.
I 2018 fekk Irene midlar til å utvikle eigne miljøvenleg produkt. Prosjekt skal gå fram til 2022, men alt no har ho lansert 2 nye, eigenproduserte produkt .
Floke frisør ynskjer med sitt arbeid å påverke andre frisørar og forbrukarar til å ta meir miljøvenlege val, for ei bærekraftig utvikling i eigen bransje og i ellers i kvardagen.

Arbeidet til «Floke er viktig og framtidsretta og Voss kommune ynskjer med utdelingav Miljøvernprisen 2019 å stimulera til ytterlegre arbeid for eit betre miljø
Miljøvernprisen er som vanleg eit kunstverk av ein lokal kunstnar. I år er prisen eit grafisk trykk av Geir Nymark

Foto: Lars Olve Hesjedal frå Avisa Hordaland.
Artikkelbilde - Floke vann Miljøvernpris 2019!

Fleire nyheiter