Floke er sertifisert som Grøn salong

Vil du veta kva som er forskjellen på ein Grønn salong, kontra ein tradisjonell frisørsalong?

Grøn salong er ein Nordisk Miljømerking for frisør og hudpleiesalonger. Grøn salong sertifiseringa er ein kvalitetssikring for kunde og frisør og er den einaste i sitt slag i verden.

Floke er den fyrsteog einaste frisørkjeda som er sertifisert i Norge!

Heile Floke-kjeden er no sertifisert som "grønn salong"! Sjølv om Floke alltid har vore grøne, er me veldig stolte over å ha blitt sertifisert! Alle våre avdelingar er blitt sertifisert av den danske kjemikaren Johan Galster, etter Nordens strengaste sertifiseringsordning for frisørar. Det er første gongen "grønn salong" sertifiserer ei heil kjede på ein gong! Den danske sertifiseringsordninga er den einaste som sikrar forbrukar at frisøren brukar 100% allergi og miljøvenlege produkt og behandlingar!

Som Noregs einaste helse og miljøvenlege frisørkjede er Floke oppteken av helse og miljø, og vil gjerne påverke andre frisørar, forbrukarar og andre bedrifter til å ta meir miljøvenlege val, for ei bærekraftig utvikling i eigen bransje og i samfunnet forøvrig!

Grøn Salong starta i 2006 i København og har sidan breidd seg til heile Danmark, Noreg, Sverige, Island og Færøyene. Der er godt 60 Grøne Salongar i Skandinavia.
Desse salongane er forplikta til som minimum å leva opptil til Grøn Salong sine obligatoriske krav, men i realiteten er salongane så engasjerte at dei oppfyller dei fleste av desse krava frivillig og finn sjølve på endå fleire miljø#tiltak.

Grøn Salong sitt mål er at alle skadelege stoff i frisørfaget skal vekk. Det er sjølvsagt eitstrot mål, og med den farten kjemiindustrien finn på nye stoff, og med kosmetikindsustriens begejstring for nye stoff, vil vi neppe nokonsinne nå dette målet 100%. I staden har eliminerer me vekk alle stoff, som er ekstremt allergifremkallande, hormonforstyrrande eller kreftfremkallande.
Desse stoffa er ulovleg i ein Grøn Salong, verken i produkt til bruk eller videresalg og heller ikkje i make-up.
Artikkelbilde - Floke er sertifisert som Grøn salong

Fleire nyheiter