Årets Nynorskbrukar 2019!

Frisørkjeden Floke er Årets nynorskbrukar 2019! Me fekk prisen «for å nytte nynorsk i marknadsføring av frisørtenester i by og bygd på aust- og vestlandet,» seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si etter å ha vurdert 68 kandidatar.
Gründeren Irene Stana i Floke nyttar nynorsk som ein medviten del av identiteten i bedrifta si. Dei gjer nynorsk synlegare i både bygd og byar. Prisen er på 50 000 kr og eit grafisk blad av Arne Nøst som blir delt ut opningsdagen for Dei nynorske festspela i Ørsta 13. juni.

Floke nyttar nynorsk når dei kan i marknadsføring og kundekontakt. Dei er med på å gjere nynorsk synleg i så vel bokmålsdominerte stader som Bergen, Molde, Stavanger og Oslo som i nynorske kjerneområde i Hordaland og Sogn og Fjordane. – Innsatsen kjeda gjer er viktig for nynorskbrukarar i alle norske kommunar. Irene Stana deler prisen med Trude Lundevall eigar av Balanzera, som begge er med på å auke den språklege sjølvtilliten og medvitet til oss nynorskbrukarar, seier Lodve Solholm - styreleiar i Nynorsk kultursentrum.

PS:
For dei som er observante, så finst det nokre bokmålstekstar på denne nettsida.
Leverandøren av nettsida har førebels ikkje tilrettelagt for to målformer på felles-tekstar. Dei jobbar med saken, på oppdrag for Floke. Me ynskjer å nytta kun NYNORSK på alle plattformer.
Artikkelbilde - Årets Nynorskbrukar 2019!

Fleire nyheiter