FRANCHISE


Franchise – driv din eigen Floke-salong!

Floke er eit frisørkonsept som vert drive etter ein arbeidsmodell og leiarfilosofi med trivsel som drivkraft. Gjennom ein innovativ leiingsfilosofi og sunne ”grøne” produkt, skal frisør og kunde merka skilnaden. Målet er å kunna gje kunde og frisør høve til å velja betre produkt, helsa, miljø og arbeidsmiljø.
Salongane våre er sertifisert gjennom grøn salong Danmark. Det vil seia at me er den første grøne frisørkjeden i Noreg.
Det er viktig for oss å fylgja den idealistiske filosofien vår både for frisørane våre og kundar. Me er eit team som hjelper kvarandre framover både på det personlege og faglege plan.
Saman med oss har du høve til å gjera ein skilnad for bransjen, helsa og miljøet, samstundes som du kan driva ditt eige lønnsomme salong.

Fordeler av å verta ein Floke:
• Opplæring og oppfylgjing med etablering, økonomi, marknadsføring, drift og administrasjon
• Opplæring i å driva grønt både fagleg og teoretisk
• Karrieremoglegheiter
• Moglegheiter til å vera ein del av eit kreativt team
• Eigenutvikling
• Høg fagleg utvikling
• God tilrettelegging for lønnsom drift og jamleg oppfylgjing
• Jobba med likesinna og vera ein del av eit felleskap
• Gjera ein skilnad i bransjen
Floke sine frisørar står for høg fagleg kompetanse, kvalitet i alle ledd og er til kvar og ei tid oppdatert på det siste av trendar i hårbransjen. Ein Floke er kreativ, engasjert, raus, uredd, unik og motivert.
Er du ein Floke og ynskjer å drive for deg sjøl i eit veksande frisør-konsern og vera ein del av ei gryande grøn utvikling i bransjen vår?
I denne samanhengen søkjer me kontakt med dyktige frisørar som ynskjer å investera i sin eiga framtid. Me søkjer personar som trur på eigne evner og som er villig til å yta meir enn gjennomsnittet. Du har høve til å gjera det veldig bra økonomisk, med å følgja oppskrifta "vår"! Det me kan lova er at eksisterande franchisetakara kan visa til inspirerande resultat. Har du det som skal til for å starta ein Flokesalong? Kva må til for å verta ein Floke franchisar?

• Fagbrev i frisørfaget eller dame/herrefagbrev
• Tilgjenge til naudsynt kapital
• Eit sterkt ønske om å utvikla eiga verksemd
Artikkelbilde - FRANCHISE

Fleire nyheiter