Floke er sertifisert som Grön Salong!

Heile Floke-kjeden er sertifisert som "grønn salong"! Sjølv om Floke alltid har vore grøne, er me veldig stolte over å ha blitt sertifisert denne veka! Alle våre avdelingar er blitt sertifisert av den danske kjemikaren Johan Galster, etter Nordens strengaste sertifiseringsordning for frisørar. Det er første gongen "grønn salong" sertifiserer ei heil kjede på ein gong! Den danske sertifiseringsordninga er den einaste som sikrar forbrukar at frisøren brukar 100% allergi og miljøvennlege produkt og behandlingar! Som Noregs einaste helse og miljøvennlege frisørkjede er Floke oppteken av helse og miljø, og vil gjerne påverke andre frisørar, forbrukarar og andre bedrifter til å ta meir miljøvennlege val, for ei bærekraftig utvikling i eigen bransje og i samfunnet forøvrig!
Artikkelbilde - Floke er sertifisert som Grön Salong!

Fleire nyheiter