Norges første miljø- og allergivennlige frisørkjede

Om oss

Hjå Floke får du eit “grønt alternativ” til vanlig hårpleie. Me tilbyr behandlingar og produkt som er reinare, sunnare og meir miljøvenlege enn det ein får i ein tradisjonell salong. Produkta me brukar er luktfrie, naturlege og ikkje allergiframkallande. I tillegg blir håret blankare enn du nokon gong har opplevd.
Gode frisørar, gode produkt, meditasjonsmusikk og kanskje litt massasje vil gje velvære og ro, ei avslappande oppleving og eit flott resultat. Me har no 9 avdelingar spredd rundt i Norge.

Floke på Voss held til i koselege lokale midt i sentrum.

Floke i Bergen held til i Skostredet, ikkje så langt ifrå det nye Litteraturhuset. Skostredet er ei gate med masse unike butikker og mangfold.

Floke i Åsane ligg i samme bygning som Coop Ekstra, vis a vis IKEA. Der er masse aktivitet og enkelt å parkere.

Floke i Jølster held til på Vassenden, salongen ligg i Jølstraholmen senter, et samlepunkt både for lokale og tilreisande.

Floke Førde ligg i andre etasje i Elvatorget, med inngang frå den sida Bohus ligg på. 

Floke Stavanger ligg i Klubbgata 1, midt i sentrum.

Floke Strandebarm har sine lokaler i Tangeråshagen 1, ved sida av Coop i Strandebarm.

Floke Oslo ligg i Prinsensgate/Kirkegata 20. Prinsensgate er paralellgata til Karl Johan, så det er lett og finna denne salongen!

Floke Fredrikstad ligg i Nygårdsgata 35, i starten av gågata midt i Fredrikstad sentrum.

Filosofien til Floke sine salonger er å ta best mogeleg vare på helsa til kunden, til frisøren og ikkje minst ta vare på miljøet. Det å gje alle ei sunnare frisørbehandling er Floke sitt hovudfokus.
Me kan tilby ei behandling frå A-Å heilt fri for allergi og kreftframkallande stoff. Ei behandling hjå oss skal gje ei heilskapleg oppleving av ro og harmoni - med eit flott hår som resultat.

Miljøfyrtårn

Floke er sertifisert som Miljøfyrtårn, som første og einaste frisørsalong på Vestlandet. Dette er ei omfattande sertifiseringsordning som vert godkjent av kommunane. Det er ei kvalitetssikring av salongen som fortel at Floke tek kunden, frisøren og miljøet på alvor.

Arbeidsmiljøpris

21.oktober 2009, vann Floke Grønn Frisør ei Arbeismiljøpris på Voss. Ledelsen har jobba aktivt med "folk i fokus", som filosofi. Med dette som hovudfokus i tillegg til miljøtanken er Floke den første på Voss med ei slik utmerking. Me håper at dette vil påverke andre, i både eigen og andre næringar til å ha "folk i fokus", helse og miljø på dagsorden- les meir.

Grùnderpris

Gründer Irene Stana fekk utdelt Kvinnovasjon Norge sin grunderpris, i januar 2013. Ho er utdanna frisør og frisørmeister. Ho starta frisørkarriera si i 1986 og er framleis svært glad i faget sitt. Irene har også lenge vore engasjert som sensor i frisørfaget hjå Hordaland Fylkeskommune. I tillegg har ho vore med i et EU-prosjekt som har utvikla det faglige innholdet i ein videreutdannelse for frisører. Prosjektet heitte Sustainable development in Haridressing.
Dette arbeidet har ho gjort i samarbeid med frisørlærere og frisører frå heile Skandinavia. Dette prosjektet vart avslutta høsten 2014. Irene er no gått inn i et nytt prosjekt som skal videreføre det forrige. Det nye prosjektet heiter Sustainable development in Haridressing.- teaching teahers`s.
Dette gjer Irene til ein av dei fremste innen "miljøvennlig hårpleie i Norden". I tillegg til lang bakgrunn med lærlinger, som sensor gir dette Floke store fortrinn iforhold til opplæring og oppfølging.

Årets Bedrift 2012

Floke vart kåra till Årets Berift av Voss Kommune i 2012, for sitt innovative og banebrytande arbeid, innen Helse, Miljø og Sikkerhet.

Konkurranser

Salongen på Voss er representert på NM kvart år. Vår dyktige frisør Monica Gjerald er med på Noregs sitt landslag og har delteke i verdsmeisterskap både i Moskva, Chicago og Milano. Ho har vunne Noregsmeister-tittelen fire gonger, i 2008,2009.2010 og 2011. Kategorien ho deltek i heiter motekategori/street fashion i herrefaget.

Alt dette samla er med å gje oss eit kreativt arbeidsmiljø og direkte oppdateringar, både nationale og internasjonale trendar innen miljøvennlig hårpleie og hårtrender i faget.